Korleis invitera born til aktiv deltaking i lesestunda
Det kan vere krevjande for ASK-språklege barn å ta del i samtale i lesestunda, spesielt når det er fleire barn til stades samstundes.
Det er så mykje enklare og raskare for dei andre barna å snakke enn det er for det barnet som brukar grafiske symbol. Du må difor vera ekstra merksam på barnets uttrykk og å gje barnet tid nok til å ta initiativ.
Når vi les til barn er det mykje vi gjer heilt intuitivt som styrker språkutviklinga deira. Statped har utarbeidd ei liste med åtte punkt som beskriv kva vi ofte gjer når vi les for barn. Lista heiter «De magiske åtte». Punkta på lista kan vera til hjelp for deg som skal lese saman med barn som brukar ASK. Desse kan du alltid støtte deg på, både når du les bøker med og utan grafiske symbol.
De magiske åtte
Her finn du ein utskriftsvenleg plakat med kort omtale av dei åtte punkta som kan hjelpe deg med å invitera barnet til å delta aktivt i samtalen når de les saman.
Les mer
-
Slik er bøkene symbolsett Når du les for barn opplever du sikkert at dei kommenterer og stiller spørsmål, både til bileta i boka og til det du les.
-
Lesing av bøkene og bruken av dei grafiske symbola Bøkene skal lesast på same måte som bøker utan grafiske symbol. Du skal både svare på spørsmåla som barna har, og bekrefte det dei blir opptatt av når du les.
-
Å sette symbol til andre bøker Har barnet ditt ei favorittbok? Då er sjansen liten for at den også finst med grafiske symbol. Men du kan lage slike bøker sjølv.